EGOT er eit akronym for Emmy Award, Grammy Award, Oscar-prisen og Tony Award, det som i dag blir rekna som dei fire store bransjeprisane innan underhaldning i USA. Emmy-prisen dekker dei beste prestasjonane innan fjernsyn, Grammy innan musikk, Oscar (Academy Award) innan film og Tony innan teater.[1] Å vinne alle fire prisene blir sett på som ein stor bragd i amerikansk showbusiness.
I 2020 hadde 16 personar vunne alle prisane.[2] I tillegg har seks personar vunne ein æresstatuett for ein av prisane, slik at dei også kan seiast å ha vunne alle fire prisane.
Omgrepet blei innført av skodespelaren Philip Michael Thomas i 1984.[3][4]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search